Vaskerommet! Neri denne råkjellaren har eg altså hatt "vaskerom" i øve ti år nå. Ikkje akkuratt det du vil kalla koseligt og motiveranes, og slettes ikkje ei stolte husmor verdigt. Te alt øvemål e der heller ikkje trapp fra fysste etasje og ner, så i allslags vèr har eg altså mått gå ud og rundt hushjørna med klesvasken -og vestlandsvèr e som kjent møje vèr. Så når någen lure på koss den eine strømpen av et strømpapar på mystisk vis forsvinne i vaskemaskinen, så vett eg at min blåste vekk med noravinden og henge inni hekken te naboen.
Nevnte eg at eg har hatt det sånn i ti år? TI ÅR! Det ska rektigt nok nevnas, uden at eg heilt vett ka vei det slår, at i fem-seks av de ti årå så har maen lovt meg vaskerom skråstreg bad i tredje etasje -men som dåkkor gjerna kjenne te så kan ting ta littegranna tid. Joda eg ser den, ting kan av og te ta litt tid -men det e'kje te å stikka onna ein stol at det òg e snakk om prioritering! Eg trenge jo foreksempel ikkje å fortella koss lange tid det tok å bygga og få garasjen i sjipp sjeip. Kan godt vera at de SEKS UGENE det tok føltes som ein evighed for maen min!
Men merk dåkkor at eg snakke i fortid -for nå står endeligt det sårt ittelengta vaskerommet stråstreg badet ferdigt!!! Fantastisk! Eg e så fornødde!
Eg har heila tiå sagt te an svigerfar at den dagen rommet står klart ska eg flaga -så imårå heis'eg flaget te topps og invitere familie og slekt på kaffi og kaga!
Så naboar e herved advart, ingen borrsdag eller jubileum på gang -kun et vel fortjent vaskerom og slutt på strømper i hekken.
Litt usikker på om korpset og ordføraren komme...hørte løye nok aldri någe mer fra de.
Gjerna va an fra de -den mystiske avsendarlause rosebuketten som stod på trappå mi i ittemiddag??!
Linda