6. juni 2011

Gule kåbbongar og andre salte skattar

Så lenge eg kan huska har eg vært i straen. Mine fem fysste leveår hadde eg neri fjeresteinane i Kalhammaren og seinare bar det avgårde på reina øyhoppingå Bru-Mosterøy-Rennesøy. 
Me hadde sjølsagt båd -heila slektå hadde båd, så kver sommarferi va me isamen med syskenbarn, onklar og tanter på Grønland og Lineholmane. For dåkkor som e litt lokalkjende så e det altså ikkje snakk om lange turane dette -men du så kjekt me hadde det! Endelause soldagar med bading, krabbefisking, solbrende armar, mågeskrik og skattajakt i fjeresteinane. Någe av det jevaste å finna va de gule kåbbongane -de lyste opp som små maiskorn i den våde sanden og det va om å gjør å finna de gulaste.
Eg har tatt vare på ein del av disse gule skattane, limt de på trekuler og har de framme som ein del av sommarpynten.


Fortsatt lige eg å gå i straen og finna skjell og ikkje minst fine steinar -eg prøve å begrensa meg, men sjøl når eg e ude å reise og anledningen byr seg så havne der som regel ein stein elle to i kofferten.



Så har du anledning -ta deg ein tur langs sjøen i sommar. Det gjør ikkje någe om der regne heller, då e det bare lettare å få øya på maiskornå! God skattajakt!

2 kommentarer:

  1. Fekk ein idé te sjuendeklassefestpynting nå :) Tusen takk!

    SvarSlett
  2. Oi, så kjekt då Lena! Eg får vel se bilder ittepå? :)

    SvarSlett