2. oktober 2011

HommarTid

Maen min e blitt hommarfiskar -han og ein kompis oppi gadå, begge med liga store dosar fiskarblod i årene. Eg huske ikkje heilt kem det va av de så starta dette, de e egentligt liga goe te å øsa opp begge to -og ein dag i mai va det eg som måtte ner på kaien å ta imot 15 nyinnkjypte teiner. 
Merk deg at dette va i mai, så i et hallt års tid nå har me hørt om dette eventyrliga hommarfiske! Det kan te tider følas som om der e innførte ei nye tidsregning her i heimen -før og itte hommaren! At der e møje så ska på plass før sesongstart har me òg fått erfart, og som vanligt når det e någe nytt på gang så ska det jaffal ikkje stå på udstyret! Tauverk i metravis e blitt knytta og spleisa, blåser e blitt merka og mang ein makrell har mått bøda med livet for å ble hallråden teinemad.  
Så -klokkå 0700 lørdag 1.oktober -med båten nerlesste av teiner i reine sjere Deadliest Catch-stilen reiste fedrene ud på havet med kaffi på termos og islender på. Teinene blei senkte ner på nøye udvalgte plasser der hommaren itte sigende nærmast står i kø -plasser som e forholdsvis enkle å finna for fiskerar fra forrektige fiskarslekt! Det vil visa seg seinare idag når teinene ska trekkas korr møje fiskarblodet e verdt. 

Eg glede meg te å kunna invitera på et dualigt hommarmåltid -men det bler uansett itte hommaren!

Skitt fiske!  
    

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar